Bảo tàng

Herøy Kystmuseum

7 người địa phương đề xuất

Gợi ý từ người dân địa phương

Severin
May 26, 2020
Herøykystmuseum viser fram eldre bygningar og skip med tilhøyre på Sunnmøre. Staden har mykje historie og viser litt av livet på Sunnmøre på 1100-talet. Her kan ein også lese om "Anne med barnet". Meir informasjon om dette får du ikkje her, det må du reise å lese sjølv....
Cecilie
August 12, 2020
Museet har mellom anna ei lang rekke mindre båtar i samlinga si og med utgangspunkt i den store sjøbuda vert det også teke vare på handverk, verktøy og arbeidsmåtar i den gamle kystkulturen. Kyrkjegarden har fine, gamle gravminne i jarn, men også ei dramatisk historie om «Anna med barnet». Det vert fortalt at Anna vart døydde medan ho var høggravid. Etter at ho var lagt i grava høyrde dei barnegråt frå kyrkjegarden, og då dei opna grava, fann dei Anna og det nyfødde barnet, men begge var døde. Kyrkjegarden er også utgangspunkt for ei anna kvinnehistorie frå Herøy. Sjølv om dei som skulle gravlegge sine på kyrkjegarden hadde med jord, var det likevel tynt jordlag på kyrkjegarden og sommarstid kunne lukta vere påtrengande. Prestane flytta difor til kyrkjegarden i Stokksund. Der var ei av prestefruene Magdalene Thoresen, kjent forfattar og svigermora til Henrik Ibsen. Magdalene Thoresen var ei sterk kvinne, og enkelte vil ha det til at hennar kraft låg bak at Henrik Ibsen lot Nora gå frå «Et dukkehjem». Og skal ein løfte fram skrivande folk frå prestegarden i Stokksund, så høyrer det også med at Ivar Aasen tenestegjorde som huslærar her. Enkelte seier det var i Herøy han henta inspirasjon til «Mellom bakkar og berg utmed havet».
Museet har mellom anna ei lang rekke mindre båtar i samlinga si og med utgangspunkt i den store sjøbuda vert det også teke vare på handverk, verktøy og arbeidsmåtar i den gamle kystkulturen. Kyrkjegarden har fine, gamle gravminne i jarn, men også ei dramatisk historie om «Anna med barnet». Det vert…
Tone
April 16, 2017
Fint sted for utflukt for små og store. Kystmuseum.
Stine
April 15, 2017
Herøy Gard er ein flott stad å gå seg ein tur eller grille i fjøra. Øya er vel verdt eit besøk også utanom museets opningstider. Opningstider 01.06 - 31.08: ons-fre + søn 12-16
Vị trí
175 Nautøya
Tjørvåg, Møre og Romsdal