Gardsovernatting Ysthuset // Nordigard Ramstad

5,0

Nhà nghỉ nông trại. Chủ nhà Ola

2 khách, 1 phòng ngủ , 0 giường, Phòng vệ sinh cơ bản
Toàn bộ nhà
Bạn sẽ có chỗ ở tại trang trại cho riêng mình.
Vệ sinh tăng cường
Chủ nhà này đã cam kết thực hiện quy trình vệ sinh tăng cường 5 bước của Airbnb.
Odd Joar là Chủ nhà siêu cấp
Chủ nhà siêu cấp là những chủ nhà có kinh nghiệm, được đánh giá cao và là những người cam kết mang lại quãng thời gian ở tuyệt vời cho khách.
Địa điểm tuyệt vời
100% khách gần đây đã xếp hạng 5 sao cho vị trí này.
Sjarmerande gardsovernatting i fjellbygda Skjåk!

Ysthuset er eit koseleg krypinn med god atmosfære. Bua består av kun eitt rom med to herlege enkeltsenger. Ein triveleg stad å kvile føtene etter ein lang tur i fjellet. Du som overnattar i Ysthuset har tilgang til bad med vatn og toalett nokre få skritt over tunet.

Kvar morgon serverer vi nydeleg frukost med våre nyverpa Gudbrandsdalsegg i den historiske landhandelen Ramstadbue til kr. 150,- (80 kr. for barn).

Chỗ ở
På historiske Nordigard Ramstad kjem eventyret i mange formar. Frå fjøset, på garden, i naturen, ved matbordet, gjennom historia og i den storslåtte fjellheimen som omgir oss.

Garden ligg på solsida i Skjåk – krinsa av nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Fjellmetropolen Lom ligg ein svipptur unna, fjordperla Geiranger motsatt veg.

På Nordigard Ramstad vaknar du i tindeparadis, men hjå oss er overnatting langt meir enn ein god natts søvn. På det idylliske gardstunet finn du forutan hyggelege sittegrupper både katt og kaninar, høner og hund. Jordbær og bringebær kan du gjerne få plukke, og vil ungane vere med å sortere egg i hønseriet, så klukkar vertskapet nøgde. Leikarstugu, huskestativ, sandkasse og eventyrleg buldrestein finst og i det intime tunet. Vi har og kajakkar til leige om du vil freiste eksotisk øyhopping i Ottaelva rett nedanfor garden.

Ynskjer du anna overnatting, så er det mogleg å leige fullt utstyrt leilegheit for inntil seks personar – eller kva med den bonderomantiske Ramlagstugu eller Eldhuset? All utleige på Nordigard Ramstad finn du her: https://www.airbnb.no/users/show/185439082

... og så må vi få invitere deg inn i den historiske landhandelen på tunet:

Ramstadbue – sjarmbombe og sosial møteplass av ei anna tid. Mellom dei historiske tømmerveggane midt på gardstunet finn du både landhandel, gardspub, historisk kafé og selskapslokale på eit nøye dandert brett. Mykje av interiøret er til sal, så kan det hende du litt lettare klarer å rive deg laus?

Velkomen til gards!

Nơi này có những gì cho bạn

Lối ra hồ
Wifi
Chỗ đỗ xe miễn phí tại nơi ở
Sân sau
Cho phép gửi hành lý
Cũi
Ghế ăn cho trẻ em
Không gian riêng để làm việc
Cho phép ở dài hạn

Chọn ngày nhận phòng

Thêm ngày đi để biết giá chính xác
Nhận phòng
Thêm ngày
Trả phòng
Thêm ngày

5,0 out of 5 stars from 20 reviews

Mức độ sạch sẽ
Độ chính xác
Liên lạc
Vị trí
Nhận phòng
Giá trị

Nơi bạn sẽ đến

Innlandet, Na Uy

Nordigard Ramstad ligg midt i Nasjonalparkriket – med høgfjell og turistattraksjonar på alle kanter:
- Øyhopping i elva rett nedanfor garde – kajakkar til utleige på garden
- Fantastiske fjellturar frå dørstokken
- Ramstadbue – historisk landhandel og sjarmerande gardspub på tunet
- Nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen
- Bakeriet i Lom (15 min)
- Norsk fjellsenter i Lom (15 min)
- Dønfoss – spektakulært elvebad og Nord-Europas største steinrøys
- Verdsarvfjorden Geiranger
- Brimiland og Arne Brimi sitt Vianvang
- Sota seteridyll
- Galdhøpiggen – Norges høgste fjell
- Besseggen – kåra til ein av verdas flottaste fjellturar
- Glittertind – nest høgast og vakrast i landet?
- Sognefjellet og Strynefjellet
- Rafting i Sjoa
- Rondane og Dovrefjell (med moskussafari)

Chủ nhà Ola

Đã tham gia vào tháng 5 năm 2019
  • Đã xác minh danh tính

Đồng chủ nhà

  • Odd Joar

Trong thời gian ở

Ekteparet Gudrun og Odd Joar Ramstad er djupt engasjert og oppriktig glade i både garden, dyra og gjestane sine – noko du garantert vil merke under ditt opphald. På få år er Nordigard Ramstad blitt videreutvikla frå tradisjonell fjellgard til eit blomstrande turist- og lokalmateventyr. I dag dyrkar Nordigard Ramstad gode opplevelingar i form av gardsovernatting i stemningsfulle tømmerhus med gardspub og landhandleri på tunet. I to nybygde hønsefjøs blir gudbrandsdalsegg verpa fram i to skift. På kjøkenet baker Gudrun vidgjeten Gudbrandsdalskaku av klinkegg frå eigne høner – slik at inga råvare går til spille. Og til alle døgnets tider er Odd Joar i sving for å levere kvalitet frå øvste fjellhylle til gjestar og kundar.

Gudrun og Odd Joar bur sjølve på Nordigard Ramstad, er lette å få kontakt med og eit særs triveleg selskap under opphaldet. Spør gjerne om tips til turar, aktiviteter og andre opplevingar i nærområdet!
Ekteparet Gudrun og Odd Joar Ramstad er djupt engasjert og oppriktig glade i både garden, dyra og gjestane sine – noko du garantert vil merke under ditt opphald. På få år er Nordig…
    Để bảo vệ khoản thanh toán của bạn, tuyệt đối không chuyển tiền hoặc liên lạc bên ngoài trang web hoặc ứng dụng Airbnb.

    Những điều cần biết

    Nội quy nhà

    Nhận phòng: 15:00 - 21:00
    Trả phòng: 11:00
    Không thú cưng

    Y tế và an toàn

    Đã cam kết thực hiện quy trình vệ sinh tăng cường của Airbnb. Hiển thị thêm
    Áp dụng hướng dẫn về giãn cách xã hội và các hướng dẫn khác liên quan đến COVID-19 của Airbnb
    Máy phát hiện khí CO
    Máy báo khói

    Chính sách hủy

    Khám phá các lựa chọn khác tại và xung quanh Innlandet

    Các nơi ở khác tại Innlandet: